Er du hytteeigar/hytteleigar? Eller kanskje begge deler? Ja då er du ein ekte hyttegoling!
Gol kommune inviterer til sitt årlege hyttemøte laurdag 09.oktober kl 16.00 i aulaen på Gol skule.
Kommunen møter med: Ordførar, kommunedirektør, representantar frå samfunn og utvikling. I tillegg kjem representantar frå Hallingdal Renovasjon, Visit Gol, Golsfjellet Utmarkslag.
Det blir ei kort orientering frå alle og moglegheit for å stille spørmål og koma med innspel.
Enkelt servering.
Vel møtt alle hyttegolingar!
Med venleg helsing
Heidi Granli
Ordførar Gol kommune